Senter for velferds- og arbeidslivsforskning (SVA), Velferdsforskningsinstituttet NOVA

Høgskolen i Oslo og Akershus (HiOA) er landets største statlige høgskole, med rundt 20 000 studenter og over 2000 tilsatte. HiOA har studiesteder i Pilestredet, på Kjeller og i Sandvika. HiOA er et attraktivt studie- og arbeidssted og en aktiv del av storbyregionens samfunns-, arbeids- og kulturliv. Vårt mål er å bli et ledende universitet i Norden med en profesjonsrettet profil.

Senter for velferds- og arbeidslivsforskning (SVA) ved HiOA består av Arbeidsforskningsinstituttet (AFI), Velferdsforskningsinstituttet NOVA, By- og regionforskningsinstituttet NIBR og Forbruksforskningsinstituttet SIFO.

NOVA er ett av Norges største samfunnsvitenskapelige forskningsinstitutt med vekt på forskning om oppvekst, velferd, sosialpolitikk og eldre år.

NOVA driv med forsking og utviklingsarbeid som kan bidra til auka kunnskap om sosiale forhold og endringsprosessar. Vi fokuserer på problemstillingar om livsløp, levekår og livskvalitet i tillegg til velferdssamfunnets tiltak og tenester.

Hovudforskingsområda ved NOVA er barndom og barnevern, ungdom, aldring og livsløp, familie, sosial ulikhet, velferdsstaten, migrasjon, bustad, helse og omsorgstenester

Forskarane ved NOVA har i hovudsak bakgrunn i samfunnsøkonomi, sosiologi, sosialantropologi, statsvitskap, økonomi og psykologi, men vi har også forskarar med doktorgrad i kulturvitskap og musikkvitskap.

Forskingsprosjekta omfattar ofte tverrfaglege problemstillingar, og vi legg vekt på samarbeid både internt i NOVA og med forskarar frå andre forskingsmiljø nasjonalt og internasjonalt. Forskarane brukar eit breitt spekter av metodiske tilnærmingar, frå analysar av store registerdatasett til dokumentanalysar, intervju og deltakande observasjon.

Ein viktig del av arbeidet som forskar ved NOVA er å delta i utvikling og finansiering av nye forskingsoppdrag. Ønsket et om å bidra til å frambringe eit solid kunnskapsgrunnlag for velferdspolitikken og evne til arbeide under press og overhalde tidsfristar, er viktige føresetnader for å trivast som oppdragsforskar ved NOVA. Dei viktigaste oppdragsgjevarane våre er offentlege myndigheiter, Noregs forskingsråd og EU.

Vi søkjer nye kollegaar innan våre forskingsområde, og ønskjer oss søkjarar som har avlagt doktorgrad eller tilsvarande kompetanse. Vi oppmodar særleg forskarar med interesse for kryss-nasjonal og samanliknande forsking om velferd og arbeid til å søkje.

I vurderinga av søkjarar legg NOVA vekt på følgjande kriterium:

  • Publisering, særleg i seinare tid, i vitskaplege tidsskrift
  • Erfaring med søknadsutforming og prosjektakkvisisjon
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk

Det er ein fordel om du har

  • Erfaring frå internasjonale forskingsprosjekt, inkludert EUs rammeprogram FP7 og Horizon 2020

Vi ønskjer deg som har

  • Sjølvstende og evne til målretta og effektivt arbeid
  • Gode samarbeidsevner og fagleg engasjement

Det er viktig for HiOA å spegle menneska i regionen vår, og vi ønskjer alle kvalifiserte søkjarar velkomne. Vi arbeider aktivt for å utvikle oss vidare som ein inkluderande arbeidsplass og for å leggje til rette arbeidsplassen dersom du treng det.

Sakkyndig vurdering
Som søkjar vil du bli vurdert av eit sakkyndig utval. Innan søknadsfristen må du laste opp desse dokumenta saman med søknaden:

  • CV, attestar og alle sider av vitnemål
  • liste over vitskaplege arbeid
  • opp til 10 vitskaplege arbeid, inkludert ph.d.-avhandlinga di

Du må laste opp alle desse dokumenta. Dokumenta må vere på engelsk eller eit skandinavisk språk. Omsetjingar må vere autoriserte. Du må vise fram originalen dersom du blir intervjua. Høgskulen i Oslo og Akershus kontrollerer dokument slik at du som kandidat skal få ei reell evaluering og ein rettferdig konkurranse.

Dersom du har dokument som ikkje kan lastast opp elektronisk, kontakt may-lill.skogli@nova.hioa.no

 

Vi kan tilby deg

  • Fast stilling
  • Konkurransedyktig løn, til fråtrekk 2% til Statens Pensjonskasse
  • Moglegheiter for fagleg vidareutvikling i eit kreativt forskingsmiljø                     
  • Eit godt og stimulerande arbeidsmiljø
  • Gode låne- og pensjonsvilkår i Statens pensjonskasse
  • Fleksibel arbeidstid og gode velferdsordningar
  • Ein arbeidsplass i utvikling med ambisjonar om å bli det neste universitetet i Noreg

Meir informasjon For meir informasjon om stillinga, kontakt:

  • Forskingsleiar Are Vegard Haug, are.haug@nova.hioa.no, telefon 464 10 537.
  • HR-ansvarleg May-Lill Skogli, may-lill.skogli@nova.hioa.no, telefon 40 24 40 28. 

Dersom du vil søkje på stillinga, må du søkje elektronisk ved å nytte knappen nedst på sida “logg inn og søk stillingen”.

Ansettelsestype Fast stilling
Arbeidstid Heltid
Tiltredelse Etter avtale
Lønn Etter avtale
Antall ledige stillinger 1
Arbeidsomfang 100
Sted Oslo
Fylke Oslo
Land Norge
Referansenummer 17/00983
Kontakt
  • May-Lill Skogli, HR-rådgivar, 402 44 028
  • Are Vegard Haug, forskningsleiar, 464 10 537
Publisert 31.01.2017
Søknadsfrist 21.02.2017

Tilbake til ledige stillinger