Department of Social Work, Child Welfare and Social policy

Fakultet for samfunnsvitenskap tilbyr utdanninger på alle gradsnivåer, samt årsstudier, videreutdanninger og oppdragsundervisning. Fakultetet har et aktivt forskningsmiljø. Det er om lag 280 tilsatte og rundt 4200 studenter knyttet til fakultetet, som holder til i Pilestredet i Oslo sentrum.

Institutt for sosialfag har rundt 90 medarbeidere og ca. 1250 studenter og er lokalisert sentralt i Oslo. Det representerer det største fagmiljøet i Norge innen det sosialfaglige feltet.

Ved Institutt for sosialfag er det ledig ei stilling som førsteamanuensis i sosialt arbeid. Stillinga er knytt til masterstudiane i sosialfag, men det inngår også på bachelor og ph.d. ved instituttet.

Arbeidsoppgåvene dine vil vere:

  • undervisning innan sosialfaglege emne
  • undervisning innan samfunnsvitskaplege emne
  • rettleiing av studentar
  • sosialfagleg forsking innanfor instituttet sine fagområder
  • pedagogisk utviklingsarbeid
  • fagleg administrative oppgåver

Du må ha:

  • doktorgrad, primært i sosialt arbeid og sosialpolitikk. Kompetanse på tilsvarande nivå, dokumentert ved vitskapleg arbeid av same omfang og kvalitet, kan erstatte kravet om doktorgrad.
  • forskings- og/eller yrkeserfaring relevant for sosialfaga
  • gode formidlingsevner skriftleg og munnlig på både norsk og engelsk

Søkjarar som ikkje har tilstrekkelege ferdigheiter i norsk eller anna skandinavisk språk ved tiltreding, må innan tre år etter å ha byrja i stillinga tileigne seg kunnskapar i norsk minimum nivå B2.

Du bør

  • ha sosialfagleg grunnutdanning
  • ha gode evne til å motivere og inspirere studentar
  • kunne utvikle forskingsprosjekt relevante for instituttet
  • vere god til å koordinere både faglege og administrative oppgåver
  • kunne arbeide sjølvstendig
  • ha god evne til tverrfagleg samarbeid
  • ha eit stort fagleg engasjement med genuin interesse for fagområdet

Dersom du ikkje har relevant praktisk-pedagogisk utdanning, må du forplikte deg til å gjennomføre høgskulen sitt program for pedagogisk basiskompetanse (15 studiepoeng) innan to år.

Generelle kriterier for tilsetting i stilling som førsteamanuensis går fram av Forskrift om ansettelse og opprykk i undervisnings- og forskerstillinger.

Høgskulen gjennomfører prøving av pedagogiske kvalifikasjonar i samband med intervju.

Det er viktig for Høgskulen i Oslo og Akershus å spegle av befolkninga i vår region, og vi ynskjer alle kvalifiserte søkjarar velkomen. Vi arbeider aktivt med å utvikle oss vidare som ein inkluderande arbeidsplass og for å legge til rette på arbeidsplassen dersom du har behov for det.

Vi tilbyr deg

  • deltaking i forskingsgruppe
  • høve til fagleg utvikling i eit spennande fag- og forskingsmiljø
  • eit kreativt og inspirerande arbeidsmiljø
  • låne- og pensjonsvilkår i Statens pensjonskasse

Andre opplysningar

Stillingane vert løna etter Statens lønnsregulativ: 1011 førsteamanuensis, kr. 517 700 -650 200. Frå løna vert det trekt lovfesta innskot til Statens pensjonskasse.

Sakkunnig vurdering

Som søkjar vert du vurdert av eit sakkunnig utval. Når du søkjer elektronisk på stillinga må du laste ned:

  • CV
  • attester
  • vitnemål
  • liste over vitskaplege arbeid
  • vitskaplege arbeid frå dei siste 5 åra (inklusive ph.d. avhandlinga)
  • søkjarar som er i sluttfasen av gangen i doktorgrada må i tillegg levere ein plan for ferdigstilling av grada

Søknaden din vil ikkje bli vurdert dersom desse vedlegga er lasta ned.

Vil du søkje på stillinga, registrer søknaden din og last ned ovannemnde vedlegg ved å bruke knappen nedst på sida, logg inn og søk stillinga. Ved behov for teknisk assistanse kontakt: Tore Vogt, 67 23 80 28 eller e-post: Tore.Vogt@hioa.no .

For nærare informasjon om stillingane, kontakt:

  • Studieleiar, Hilde Aamodt, tlf: 412 23 830
  • Instituttleiar, Nicole Hennum, tlf: 938 91 096
Ansettelsestype Tillsvidareanställning
Arbeidstid Heltid
Antall ledige stillinger 1
Arbeidsomfang 100%
Sted Oslo
Fylke Oslo
Land Norge
Referansenummer 17/08682
Kontakt
  • Instituttleder Nicole M.J. Hennum, 93891096
  • Studieleiar Hilde Anette Aamodt, 412 23 830
Publisert 30.11.2017
Søknadsfrist 16.01.2018

Tillbaka till lediga jobb