Fakultet for samfunnsvitenskap (SAM), Institutt for sosialfag

Fakultet for samfunnsvitenskap tilbyr utdanninger på alle gradsnivåer, samt årsstudier, videreutdanninger og oppdragsundervisning. Fakultetet har et aktivt forskningsmiljø. Det er om lag 280 tilsatte og rundt 4200 studenter knyttet til fakultetet, som holder til i Pilestredet i Oslo sentrum.

Institutt for sosialfag har rundt 90 medarbeidere og ca. 1250 studenter og er lokalisert sentralt i Oslo. Det representerer det største fagmiljøet i Norge innen det sosialfaglige feltet.

Det er ledig ei 3-årig stipendiatstilling i samarbeid mellom Institutt for sosialfag og Institutt for offentleg administrasjon og leiing. Stipendiatstillinga er knytt til doktorgradsprogrammet i sosialt arbeid og sosialpolitikk.

Forskingsområde

Høgskolen i Oslo og Akershus (HIOA) har fleire profesjonutdanningar som er sentrale i den moderne velferdsstaten sitt tilbod til barn og unge. Forsking viser at samarbeid mellom ulike tenestenivå, institusjonar og profesjonsutøvarar ofte ikkje fungerer tilfredsstillande for det enkelte barnet og hans/hennar familie/omsorgspersonar. Utfordringane er påpeika i ei rekkje offentlege dokument, mellom anna (Meld. St.19 (2009-2010) Tid til læring, Meld. St. 13 (2011-2012) Utdanning for velferd, Meld. St. 20 (2012-2 013) På rett vei, Meld. St. 34 (2012-2013) Folkehelsemeldinga, NOU 12 (2017) Svikt og svik).

Både innan forsking og utdanning drivast det fleire prosjekt ved HIOA innan området tverrprofesjonelt samarbeid med og om barn/unge og familiane deira. Stipendiatstillinga vert lyst ut i samarbeid med INTERACT (Interprofessional Interaction with Children and Youth) eit utdanningsprosjekt som har som mål å gi studentar i ei rekkje profesjonsutdanningar betre kunnskap om og meir erfaring med tverrprofesjonelt samarbeid. Deler av denne opplæringa går føre seg i praksisinstitusjonar som også arbeider med å utvikle si eiga organisering av heilskaplege tenestetilbod til barn og unge.

Stipendiatprosjektet skal utformast innanfor området leiing av tverrprofesjonelle og eventuelt tverrinstitusjonelle samarbeidsformer som kan medverke til heilskaplege tilbod til barn, unge og familiane deira. Utgangspunktet er samarbeid som er planlagt, etablert og/eller pålagt, til dømes i og mellom institusjonar som barnehage, skule, barnevern, helsetenester, NAV, spesialisthelsetenesta, m.m. Det er ynskjeleg at stipendiaten fokuserer på korleis leiarar kan fremje slikt samarbeid. Prosjektet kan til dømes utforske leiarutfordringar knytt til tverrfagleg samarbeid, samt kva for strategiar leiarar tek i bruk for å handtere slike utfordringar. Prosjektet kan også undersøkje samanhengar mellom leiaråtferd og medarbeidarar sin motivasjon for tverrfagleg samarbeid. Endeleg er det av interesse å utforske korleis leiing, organisasjonskultur og medarbeidarar sin motivasjon har betyding for opplevinga av ivaretaking og deltaking mellom barn, unge og familiane deira. Stipendiaten vil vere knytt til forskingsmiljøet innan leiing og organisasjonspsykologi ved Institutt for offentleg administrasjon og leiing, samt forskargruppa Barneliv og profesjonsutøving ved Institutt for sosialfag.

Kvalifikasjonar og vilkår

Du må ha:

  • utdanning på hovudfags-/mastergradnivå (120 studiepoeng) eller tilsvarande innan leiing, organisasjonspsykologi, eller innan pedagogikk, sosialt arbeid eller liknande som inkluderer leiarutdanning
  • svært god skriftleg og munnleg framstillingsevne i engelsk og eit skandinavisk språk
  • evne til å arbeide sjølvstendig og ha eit målretta fagleg engasjement

Det er ei føremon om du har :

  • relevant erfaring frå forskings- og utviklingsarbeid
  • erfaring frå publisering av faglege arbeid

Vilkår:

Du skal sende inn ein fullstendig prosjektomtale, som skal ha teoretisk og tematisk forankring innan ovannemnde tematikk. Omtalen skal skrivast på engelsk. Prosjektomtalen skal vere på maksimum 10 sider, og følgjande skal i tillegg til det ovannemnde gå fram av omtalen:

  • problemstilling, teori og metode
  • korleis avhandlinga skal medverke til forskingslitteraturen
  • kjennskap til relevant kunnskap på området
  • plan for gjennomføring av doktorgradsstudiet, inkludert tidsplan og kva artiklar som er planlagt
  • referanseliste

I vurderinga av søkjarar vil det bli lagt vekt på grunnleggjande kvalifikasjonar og prosjektomtalen som er sendt inn. Omtalen må vere på eit fagleg nivå som gjer det sannsynleg at prosjektet vil føre fram til doktorgrad innan ei treårig periode.

Sakkunnig utval    

Som søkjar vil du bli vurdert av eit sakkunnig utval. Innan søknadsfristen må du saman med søknaden laste opp følgjande dokument:

  • CV, attestar og vitnemål
  • prosjektomtale (maksimum 10 sider inklusive referanseliste)
  • hovudoppgåve/masteroppgåve
  • eventuelle vitskaplege arbeid
  • liste over eventuelle publikasjonar og presentasjonar ved internasjonale seminar/konferansar

Søknad utan dei ovannemnde vedlegg vil ikkje bli vurdert.

Vi tilbyd deg

  • høve til fagleg utvikling i eit stort og inspirerande fag- og forskingsmiljø
  • aktive forskingsgrupper med jamlege møter og seminar
  • eit hyggjeleg arbeidsmiljø
  • låne- og pensjonsvilkår i Statens pensjonskasse
  • fleksibel arbeidstid og gode velferdsordningar

Nærare opplysningar

For nærare informasjon om stillinga, kontakt:

  • Leiar for ph.d.-programmet i sosialt arbeid og sosialpolitikk, Amy Østertun Geirdal, telefon 67 23 81 50 / 48 19 66 20
  • Leiar for Interact, Liv Mette Gulbrandsen, telefon 67 23 81 41 / 90 53 27 66
  • Førsteamanuensis Ivan Spehar, telefon 67 23 85 92 / 97 60 81 46

Stillinga vert løna etter Statens lønnsregulativ, stillingskode 1017 stipendiat. Lønn kr. 436.900.

Stipendiatar vert plassert inn i lønnsramme og det er lønnsutvikling gjennom stipendiatperioden.

Vil du søkje på stillinga må du søkje elektronisk ved å bruke knappen nedst i utlysinga «logg inn og send søknaden».

Har du dokument som ikkje kan lastast opp elektronisk, kontakt Tore.Vogt@hioa.no .

Det er viktig for HIOA å spegle av folkesetnaden i regionen vår og vi ynskjer alle kvalifiserte søkjarar velkomne. Vi arbeider aktivt med å utvikle oss vidare som ein inkluderande arbeidsplass og for å leggje til rette arbeidsplassen dersom du har behov for det.

Ansettelsestype Stipendiat
Arbeidstid Heltid
Antall ledige stillinger 1
Arbeidsomfang 100%
Sted Oslo
Fylke Oslo
Land Norge
Referansenummer 17/09088
Kontakt
  • Leiar for ph.d.-programmet Amy Østertun Geirdal, 48 19 66 20
  • Leiar for Interact Liv Mette Gulbrandsen, 90 53 27 66
  • Førsteamanuensis Ivan Spehar, 97 60 81 46
Publisert 15.12.2017
Søknadsfrist 21.01.2018

Tillbaka till lediga jobb