Fakultet for helsefag (HF), Fakultetsadministrasjonen HF, Seksjon for studieadministrasjonen HF

OsloMet - storbyuniversitetet (tidl. Høgskolen i Oslo og Akershus, HiOA) er landets tredje største universitet, med over 20 000 studenter og mer enn 2000 ansatte. OsloMet har studiesteder i Pilestredet, på Kjeller og i Sandvika. OsloMet er et attraktivt studie- og arbeidssted og en aktiv del av storbyregionens samfunns-, arbeids- og kulturliv. 

Fakultet for helsevitenskap tilbyr høyere utdanning innen helsefag og har også forsknings- og utviklingsaktiviteter innen fagområdet. Fakultetet har rundt 6000 studenter og om lag 600 ansatte, og holder til i Pilestredet i Oslo sentrum og på Kjeller og Sandvika i Akershus.

Fakultet for helsefag, Seksjon for studieadministrasjon og internasjonalisering søkjer vikar som førstekonsulent. Vikariatet er ledig for perioden 1.4.18 til 31.7.18 med moglegheit for at det kan bli forlenga.

Stillinga vil høyre til eit team med ansvar for eksamen ved Institutt for fysioterapi, Institutt for ergoterapi/ortopediingeniør og Institutt for naturvitenskapelige helsefag.

Dei viktigaste arbeidsoppgåvene dine vil vere

  • administrasjon av sensorkontraktar og sensorhonorar
  • generell saksbehandling knytt til eksamen som å følgje opp krav om grunngjeving for eksamensresultat/karakter

Du må ha

  • utdanning på høgskole-/universitetsnivå fortrinnsvis bachelorgrad
  • god kompetanse i FS (Felles Studentsystem)
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne på eit skandinavisk språk og engelsk

Lang og relevant erfaring kan kompensere for kravet til utdanning.

Det er ein fordel at du har erfaring frå studieadministrativt arbeid, spesielt eksamensarbeid og god kunnskap om aktuelt lov- og avtaleverk.

Vi ønskjer deg som

  • er ryddig og strukturert
  • har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • er endringsvillig og fleksibel med evne til å setje deg raskt inn i nye digitale verktøy

Det er viktig for OsloMet å spegle menneska i regionen vår, og vi ønskjer alle kvalifiserte søkjarar velkommen. Vi arbeider aktivt for å utvikle oss vidare som ein inkluderande arbeidsplass, og for å leggje til rette arbeidsplassen dersom du treng det.

Vi kan tilby deg

  • spennande og varierte arbeidsoppgåver med moglegheit for fagleg utvikling
  • eit hyggeleg og utviklande arbeidsmiljø
  • ein arbeidsplass i utvikling 

Du må laste opp attestar og alle sider av vitnemål. Dokumenta må vere på engelsk eller eit skandinavisk språk. Omsetjingar må vere autoriserte. Du må vise fram originalen dersom du blir intervjua. OsloMet kontrollerer dokument slik at du som kandidat skal få ei reell evaluering og ein rettferdig konkurranse.

Andre opplysningar
Dersom du ønskjer meir informasjon om stillinga, kan du ta kontakt med:

  • kontorsjef Hallvard Johanssen, 67 23 60 10/41 44 43 59,

Stillinga blir løna etter lønsregulativet til staten, 1408 førstekonsulent. Løn kroner 392 100,- - 466 500,- per år. Høgare løn kan vurderast for særleg kvalifiserte søkjarar.

Dersom du vil søkje på stillinga, må du søkje elektronisk ved å nytte knappen nedst i utlysinga “logg inn og søk stillingen”.

Søknadsfrist:          22.03.18
Ref.:                      18/01700


 
 

Ansettelsestype Vikariat
Arbeidstid Heltid
Antall ledige stillinger 1
Arbeidsomfang 100 %
Sted Pilestredet 50, Oslo
Fylke Oslo
Land Norge
Referansenummer 18/01700
Kontakt
  • Kontorsjef Hallvard Johanssen , 67 23 60 10 el. 41 44 43 59
Publisert 09.03.2018
Søknadsfrist 22.03.2018

Tillbaka till lediga jobb