Fakultet for samfunnsvitenskap (SAM), Institutt for sosialfag

OsloMet - storbyuniversitetet (tidl. Høgskolen i Oslo og Akershus, HiOA) er landets tredje største universitet, med over 20 000 studenter og mer enn 2000 ansatte. OsloMet har studiesteder i Pilestredet, på Kjeller og i Sandvika. OsloMet er et attraktivt studie- og arbeidssted og en aktiv del av storbyregionens samfunns-, arbeids- og kulturliv. 

Fakultet for samfunnsvitenskap tilbyr utdanninger på alle gradsnivåer, samt årsstudier, videreutdanninger og oppdragsundervisning. Fakultetet har et aktivt forskningsmiljø. Det er om lag 280 tilsatte og rundt 4200 studenter knyttet til fakultetet, som holder til i Pilestredet i Oslo sentrum.

Institutt for sosialfag har rundt 90 medarbeidere og ca. 1250 studenter og er lokalisert sentralt i Oslo. Det representerer det største fagmiljøet i Norge innen det sosialfaglige feltet.

Det er ledig to treårige stipendiatstillingar ved Institutt for sosialfag innanfor to ulike forskingsområder. Stipendiatstillingane er knytt til doktorgradsprogrammet i sosialt arbeid og sosialpolitikk. Stipendiaten skal delta i ei forskingsgruppe.

Forskingsområde 1                                                                                                                                                                       

Ph.d.-prosjektet til stillinga skal utformast innanfor emnet helserelatert sosialt arbeid. Helserelatert sosialt arbeid er eit delområde av sosialt arbeid som føregår til dømes ved sjukehus, poliklinikkar, kommunehelsetenesta, psykiatri og rusinstitusjonar. Målgruppa er brukarar og deira pårørande som har behov for psykososial bistand og sosialfaglege intervensjonar.

Sosialarbeidarar som arbeider i dette feltet møter personar som lever med kroniske, akutte, milde og meir alvorlege somatiske og psykiske utfordringar over kortare eller lengre tid. Sosialfagleg perspektiv innan helse er spesielt viktig for ei helseteneste som tek pasient og pårørande sine behov på alvor. Dette er viktig i arbeidet for å oppnå likeverdige helsetenester og for å medverke til ei heilskapleg tverrfagleg tilnærming. Sosialarbeidaren sitt bidrag, rolle, kunnskap, arbeidsmetodar og tilnærmingar innan helse er lite drøfta og forska på.

Følgjande tema kan vere relevante å undersøkje:

  • Det sosialfaglege kunnskapsgrunnlaget innan helse
  • Sosialfaglege intervensjonar innan helse for å redusere sosial ulikskap på individnivå
  • Sosialfaglege intervensjonar innan helse for å friskmelde, auke livskvalitet og meistring hjå personar og deira pårørande som lever med sjukdom

Forskingsområde 2                                                                                                                                                  
Ph.d.-prosjektet til stillinga skal utformast innanfor området kunnskapsproduksjon i sosialt arbeid. Sosialt arbeid er eit motsetningsfylt felt der ulike vitskaplege tradisjonar møtast. Det er aktuelt å undersøkje kva dette betyr for praksis i feltet, omdømme og framtid. Praksis inkluderer i den samanheng ulike felt og instansar som NAV, barnevern, rusomsorg, psykiatri osv.

Følgjande tema kan vere relevante å undersøkje:

  • Korleis vitskapleg teori og nye forskingsresultat kjem til bruk i sosialt arbeid
  • Samspelet mellom vitskapleg kunnskapsproduksjon og organisatoriske nivå i sosialt arbeid
  • Det vitskapsteoretiske grunnlaget for kunnskapsproduksjon i sosialt arbeid.

Kvalifikasjonar og vilkår

Du må ha :

  • utdanning på hovudfags-/mastergradnivå (120 studiepoeng) eller tilsvarande innan sosialfag eller samfunnsvitskap. For forskingsområde 2 er tilsvarande utdanning innan humaniora også gyldig grunnlag for stillinga.
  • god skriftleg og munnleg framstillingsevne både på eit skandinavisk språk og engelsk
  • gode analytiske ferdigheiter
  • kapasitet til å arbeide sjølvstendig og målretta
  • fagleg engasjement

Det er ein fordel om du har:

  • relevant erfaring frå forskings- og utviklingsarbeid
  • relevant praksiserfaring frå ein eller fleire velferdstenester

Vilkår:

  • Opptak tili doktorgradsprogram i sosialt arbeid og sosialpolitikk er eit vilkår for å kunne tiltre i stilling som stipendiat
  • Endeleg plan for forskarutdanning skal vere godkjend og avtalefesta seinast 3 månadar etter tiltreding.

I søknaden skal du sende inn ein fullstendig prosjektomtale i tilknyting til eitt av forskingsområda. Prosjektet må ha den faglege innretninga for doktorgradsprogrammet i sosialt arbeid og sosial-politikk. Ei komparativ tilnærming kan vere ein fordel.

Prosjektomtalen skal vere på maksimum 10 sider og skrivast på skandinavisk eller engelsk, og skal innehalde følgjande:

  • problemstilling(ar), teoretisk forankring og metode
  • omtale av kunnskapsbehov og avhandlinga sitt bidrag til forskinga i feltet
  • plan for gjennomføring av doktorgradsstudiet, inkludert tidsplan og kva for artiklar som er planlagde
  • planlagde opphald i utlandet
  • referanseliste

I vurderinga av søkjarar vil det bli lagt vekt på både grunnleggjande kvalifikasjonar og innsendt prosjektomtale. Omtalen må vere på eit fagleg nivå som gjer det sannsynleg at prosjektet vil føre fram til doktorgrad innan ein treårsperiode.

Sakkunnig utval

Som søkjar vil du bli vurdert av eit sakkunnig utval. Innan søknadsfristen må du saman med søknaden laste opp følgjande dokument:

  • CV, attestar og vitnemål
  • Prosjektomtale skriven på skandinavisk eller engelsk (maksimum 10 sider inkl. referanseliste)
  • Hovudoppgåve/masteroppgåve
  • Eventuelle andre vitskaplege arbeid
  • Liste over eventuelle publikasjonar og presentasjonar ved internasjonale seminar/konferansar

Søknad utan dei ovannemnde vedlegg vil ikkje bli vurdert. Dokumenta må vere på engelsk eller eit skandinavisk språk. Omsetjingar må vere autorisert. Du må vise fram originalar ved eit eventuelt intervju. OsloMet – storbyuniversitetet gjennomfører kontroll av dokument, slik at du som kandidat skal få ei reell evaluering og ein rettferdig konkurranse.

Har du dokument som ikkje kan lastast opp elektronisk, send e post til torevo@oslomet.no

Vi tilbyr deg

  • høve til fagleg utvikling i eit stort og inspirerande fag- og forskingsmiljø
  • deltaking i ei eller fleire av instituttet sine forskingsgrupper
  • eit hyggjeleg stipendiatmiljø
  • låne- og pensjonsvilkår i Statens pensjonskasse

Det er viktig for OsloMet – storbyuniversitetet å spegle av folkesetnaden i regionen vår, og vi ynskjer alle kvalifiserte søkjarar velkomne. Vi arbeider aktivt med å utvikle oss vidare som ein inkluderande arbeidsplass og leggje til rette på arbeidsplassen dersom du har behov for det.

Nærmare opplysningar                                                                                                                                                       

For nærmare informasjon om stipendiatstillingane kan du kontakte

  • instituttleiar Nicole Hennum, telefon 938 91 096
  • leiar for ph.d. programmet i sosialt arbeid og sosialpolitikk, Amy Østertun Geirdal, telefon 481 96 620

Stillinga vert løna etter Statens lønsregulativ, stillingskode 1017, årsløn kr 436 900.

Vi brukar eit elektronisk rekrutteringssystem. Dersom du vil søkje på stillinga, registrer søknaden din og CV ved å bruke knappen «logg inn og søk stillinga».

OsloMet har implementert Charter & Code og er sertifisert av EU kommisjonen til HR Excellence in Research (HSRS4R)

Ansettelsestype Stipendiat
Arbeidstid Heltid
Antall ledige stillinger 2
Arbeidsomfang 100%
Sted Oslo
Fylke Oslo
Land Norge
Referansenummer 18/04485
Kontakt
  • Instituttleder Nicole Hennum, 938 91 096
  • Leder for Ph.d. programmet Amy Østertun Geirdal, 481 96 620
Publisert 09.05.2018
Søknadsfrist 24.06.2018

Tillbaka till lediga jobb